Dei fleste har nok fortalt eller høyrt nokon seie «det var mykje meir snø før i tida». Folk hugser barndomen som ei tid kor vintrene var lange og snørike. «Det var alltid snø på julafta, men nå har været blitt så rart. Det er mildt og varmt, og snøen er eit sjeldnare syn».

Men er no dette eigentleg rett? Hukommelsen kan som kjend endre seg over tid, så har me gløymd at det til dømes ikkje var snø på julafta korkje i 1970, 1971 eller 1972? Fem av ti julafter på 1970-talet blei feira på bar bakke, medan heile Sauda var dekka av snø ni av ti julafter på 1990-talet.
Her er statistikken som viser mengden snø i Sauda sentrum i eit historisk perspektiv.
Tala er oppgjeve i maksimal verdi, på intervalla 0, 1-25, 25-50 og 50-100 cm.
Kvar 24. desember frå 1958-2015
Hvar 1. februar frå 1958-2015