Magnus Stokkedal

Magnus Pettersen Stokkedal var ein kjend og kjær karakter i Sauda gjennom brorparta av forrige århundre. Han var fødd i Ballang, Nordland fylke, den 13. februar 1900. Foreldra var Petter Jensen Stokkedal og Jakobine Stokkedal fødd Johansdatter. Han vaks opp på gard saman med 13 sysken og ein fosterunge under det som i dag må kunne kallas eit mindre heldig oppvekstmiljø.

Magnus var ein av fleire som fann vegen til Sauda under industrialiseringa, og gode tider med vekst la eit godt grunnlag for å slå seg ned i byen.

I byrjinga arbeidde Magnus på Sauda smelteverk som montør, men etter at han råka ut for ei ulukke og skada seg livnærte han seg saman med kona på handel i Sauda sentrum. Kona Jenny Stokkedal dreiv på 1930-talet butikk i Ivarshuset nede på Vangnes.

Magnus drev i nokre år Stokkedals Frukt- og Tobakksforretning, men han var mest kjend for pølsesalet ved brohodet. Like nedanfor Nordelvbrua ved sida av Gamle Folketshus hadde han ei pølsebod ståande, og der selde han pølser med si verdskjende heimelaga sennep av hemmeleg oppskrift som tilbehøyr.

16. mars 1942 døydde kona etter eit par dagars sjukeleie. Ho skada seg heime då ho ramla ned trappa i det som offisielt vart omtala som ei ulukke. Dei budde i det vi i dag kaller Selvig-huset. Historiane har versert om at Magnus kasta blomsterpotter i hovudet på tyske soldatar og at nokon skal ha høyrd skrik frå huset den dagen kona døydde. Kva som eigentlig hende får me nok ikkje veta med sikkerheit, men før krigen var over sende tyskarane Magnus til galehus i Sandnes.

60 år er Magnus Stokkedal, Sauda, lørdag 13. februar. Han er nordlending og har fartet mye om i verden før han slo seg ned i Sauda. Bl.a. har han flere overvintringer på Svalbard. Stokkedal er muntrasjonsråd, og han underholder sine kunder med utallige historier fra sitt omflakkende liv.
-Stavanger Aftenblad fredag 22. februar 1960

Magnus er omtala som ein stor og sterk kar full av humor og historiar. Han vakte både begeistring og redsel i lokalmiljøet. Historiane om han var også talrike, og ei av dei gjentagande forteljingane er at han spurde kundane om dei ville ha eit enkelt eller dobbelt strok med sennep på pølsa. Sa du dobbel strauk han på sennep i den eine håndvendinga og skrapa av med den andre.

Han kalla dei spesialproduserte pølsebrøda for knall, og det seies og at han nekta å selje ketchup, eit nymotens konkurranseprodukt pølseboda over gata hadde fått inn.

Magnus sovna i 1981 inn fullt påklede liggande på senga i leiliegheita han hadde i Rådhusgata dei siste åra, og han blei funnen av lensmannen og avisbodet. Han kviler på Solbrekk gravlund saman med kona.

Ei lengre og langt meir fargerik historie om Magnus Stokkedal skreven av Bjørn Ljung  kan lesast i Årskrift Sauda Sogelag frå 2000.

Kjelder: Folk og fe, «Årskrift Sauda Sogelag 2000», «Stavanger Aftenblad», «Adressebok for Rogaland fylke med skatteligninger. 1940»

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.