Om nettstaden

Gamle Sauda starta som ei Facebook-gruppe våren 2012. Gruppa fanga interessa frå svært mange både blivende og utflytta Saudabuar, og er nå eit arkiv med tusenvis av fotografier.

Medlemmane har opparbeida ei stor samling som dekker historia heilt frå 1870-talet og fram til i dag. Grunna spam og falske brukarkontoar på Facebook er ho stengd for åpen deltakelse og innsyn. Ein må søke om å bli medlem for å få tilgang, men her på GamleSauda.no vil alt materiell være åpent og tilgjengeleg.

Denne nettstaden er dreven på frivillig basis av initiativtakar Thommas Tvedten Andersen som er forfatter bak alle artiklene. Bileta som brukes er gjerne henta frå Facebook-gruppa, og det vil i alle høve der det er mogleg referast til kven som eier eller har fotografert biletet.

Om det er publisert eit bilete du meiner å ha retten på og ønsker det fjerna, så gje berre beskjed.

Gamle Sauda på Facebook